Klatrepioneren
Utstyrt med heimelaga isøks, gjekk Ola Einang og to kameratar Slogen på nyttårsaftan. Dei var 17 år, og skulle sende opp fyrverkeri frå toppen. Då dei skulle ned att, surfa dei på blokkene til eit større snøskred. Dei var udødelege. Oppveksten på Sunnmøre skulle leie Einang mot Everest.
− Eg byrja å klatra då eg var 15 år. Eg vaks opp rett ved sida av ein tauverkstad og kjøpte nylontau der. Me knytte tauet rundt livet og så trena me slik at den eine heiste den andre opp i treet, til vi hang lengre og lengre. Det er klart me blei sterke i magen, men eit fall var likevel aldri godt på det viset.
Ola Magne Einang (75) har via heile sin yrkeskarriere til eit liv utandørs. Sidan 1993 har han arbeidd på Høgskulen i Volda. No ventar pensjonisttilvære.
Sunnmørsalpane i stovevindauget
Einang har vore på seks klatreekspedisjonar i Himalaya, deriblant Mount Everest. Han har hatt ansvaret for skredkurs for Røde kors nasjonalt, og kursa Forsvarets krigsskule i klatring og skred. Seinast i februar var han på Svalbard for å halde kurs.
− Eg vaks opp i Hatlane utanfor Ålesund, med utsikt til fjella i Hjørundfjorden. Eg var ikkje gamal før eg prøvde meg innover mot toppane.
Ola Einang på veg opp Larkya Peak i Himalaya.
Ola Einang på veg opp Larkya Peak i Himalaya.
Mount Everest
Einang si historie på Everest, byrjar ved at finansmannen og fjellklatraren Arne Næss jr. får det for seg at han ville leie den fyrste norske ekspedisjonen til Everest. Med innflytelse og råd frå professor Arne Næss, blir det samla ei gruppe med norske fjellfolk. Ola Einang er ein av dei som får tilbod om å vera med.
− Det blei søkt om ekspedisjonsløyve til Everest allereie i 1979, men på den tida var det berre ein ekspedisjon i året som blei tillete i Nepal, og dermed måtte vi venta til 1985. I staden fekk vi fullført ein treningsekspedisjon til Numbur same året. Ein Everest-ekspedisjon kosta fort ein million den gang, men Arne Næss jr. ordna alle kostnadane.
I 1985 var det ikkje noko kommersielle turar, så alt måtte gjerast på eiga hand. Einang synast det er synd å sjå bilete av korleis basecamp og vegen mot Everest ser ut i dag.
- Då vi tok opp tau i Lhotse-veggen, var vi to personar i heile veggen. Du har sikkert sett køa dei siste sesongane, det ser heilt forferdeleg ut.
Isfalla er i stadig bevegelse over basecamp på Everest. FOTO: Ola Einang.
Isfalla er i stadig bevegelse over basecamp på Everest. FOTO: Ola Einang.
Drangnag Ri-ekspedisjonen
Den flottaste turen Ola Einang har vore på, er eit anna fjell i Himalaya. Drangnag Ri er eit 6136 meter høgt fjell, med utsikt til Mount Everest. Den britiske klatrelegenda, Sir Christian Bonnington, har seinare omtalt Ola Einang som «the most noble climber I have ever met», etter at han nekta å la utstyret deira bli hengande igjen på denne turen. Då dei andre på ekspedisjonen var på veg ned, klatra Einang åleine opp for å rydde tau og utstyr, trass risikoen ved å gjera det åleina.
- Det var ein fantastisk dag. Det hadde snødd og alt var kvitt. Eg hang i taua, heilt åleine med verda under meg ein heil dag.
Christian Bonington i teltet på Drangnag Ri-ekspedisjonen. FOTO: Ola Einang.
Christian Bonington i teltet på Drangnag Ri-ekspedisjonen. FOTO: Ola Einang.
Vegen mot Drangnag Ri. FOTO: Ola Einang.
Vegen mot Drangnag Ri. FOTO: Ola Einang.
Då ein kamerat av Einang døydde i Himalaya, blei han spurd av familien om han kunne hente han ned. På turen såg han det store behovet for førstehjelpsutstyr i området.
− Eg var i eit område utan turisme og det kom stadig folk med stygge sår. Ein som eg møtte, hadde rive opp ein del av armen og surra plastikk rundt såret. Det lukta horribelt. Eg fekk hjelpt han, og det skulle bli fleire på turen.
Saman med Solvor Småkasin, ei veninne av dottera til den avdøde klatraren, vart det etterkvart starta eit prosjekt kalla «Medical Aid Mountaineering». Sidan 2012 har organisasjonen arbeidd for å gjera førstehjelpsutstyr og medisinsk opplæring meir tilgjengeleg for befolkninga i Himalaya. I dag er det dottera til Einang og Småkasin, som ilag med nokre andre ildsjeler driv organisasjonen.
Einang har jobba med friluftsliv-utdanning på Høgskulen i Volda, med 20 prosent stilling på Universitetet i Tromsø i tillegg. No som han er blitt 75 år, har han ikkje noko anna val enn å gå av med pensjon.
− Eg har ingen umiddelbare planar som pensjonist, men eg har både hus og båt som treng litt merksemd. Ellers ynskjer eg å segla og padla meir. Kanskje kan eg også få til ein tur til Nepal att, det hadde eg likt.
Ola Einang på kontoret på Høgskulen i Volda. FOTO: Sigurd Benan.
Ola Einang på kontoret på Høgskulen i Volda. FOTO: Sigurd Benan.
